Gå til innhald

Kvifor bruka DataverseNO?

Her er nokre av dei viktigaste grunnane til å bruka DataverseNO til å arkivera, publisera og gjenbruka forskingsdata:

Eit sertifisert arkiv Kuratering og langtidsbevaring Kreditering og synlegheit

Eit sertifisert arkiv

DataverseNO blir forvalta og utvikla i tråd med anerkjend praksis for forskingsdatahandtering. Arkivet fekk CoreTrustSeal-sertifisering i 2020 og arbeider no med å fornya sertifiseringa. CoreTrustSeal er eit kvalitetsstempel for pålitelege og berekraftige arkiv.

Kuratering og langtidsbevaring

Alle datasett som blir arkiverte i DataverseNO, blir kuraterte av kvalifisert støttepersonell (kuratorar) ved partnarinstitusjonane før publisering.

Kuratorane går gjennom kvart datasett og gjev råd om korleis datasettet best kan tilpassast DataverseNO-arkiveringsguiden. Guiden byggjer på FAIR Principles og har som mål å hjelpa deponentar med å gjera dataa sine gjenfinnbare, tilgjengelege, interoperable og gjenbrukbare. Han omfattar mellom anna:

  • metadata og dokumentasjon

  • filorganisering

  • filformat

  • lisensiering

Kurateringsprosessen skil DataverseNO frå mange andre digitale arkiv, der arkiverte data ikkje blir gjennomgått før publisering. Kuratering er likevel ikkje ei vurdering av den vitskaplege kvaliteten på forskinga di; det er ei støtteteneste som skal hjelpa deg å leggja til rette dataa dine etter anerkjende prinsipp og praksisar for arkivering, publisering og langtidsbevaring av data.

Kurateringsprosessen startar når du sender inn eit datasettutkast til kuratering (Submit for Review). Ein kurator frå institusjonen din går då gjennom datasettet og svarer deg på e-post innan tre arbeidsdagar.

Kuratoren sender som regel ein kurateringsrapport med råd og forslag til forbetringar. Dersom det trengst, gjer du dei tilrådde endringane, eller du kan forklara kvifor du ikkje er samd i forslaga. Når du er ferdig med endringane, må du senda inn datasettet på nytt.

Når kuratoren har godkjent det endelege datasettet og du har stadfesta at det er klart for publisering, publiserer kuratoren datasettet. Alle DataverseNO-kuratorar ønskjer å hjelpa deg med å lukkast med dataarkivering!

Møt kuratorane våre

I tillegg til den første kurateringa sørgjer DataverseNO for langtidsbevaring av publiserte datasett, slik det er beskrive i DataverseNO Preservation Policy. Datasett blir forvalta på ein ansvarleg måte i minst 10 år og migrerte til nye format dersom det trengst.

Kreditering og synlegheit

Når du bruker DataverseNO, blir det lettare å oppfylla krav frå tidsskrift og finansiørar, og andre kan lettare oppdaga, få tilgang til og kreditera datasettet ditt:

  • Tilrettelegging for fagfellevurdering: DataverseNO gjer det mogleg å dela datasettutkast med tidsskriftredaktørar og fagfellar gjennom ein Preview URL før publisering. Ved dobbelblind fagfellevurdering kan kuratorar laga ein anonymisert versjon av datasettutkastet.

  • Oppfylla krav til datadeling: Finansiørar, tidsskrift og institusjonar krev ofte at forskingsdata blir delte i tråd med anerkjende prinsipp. Når du publiserer dataa dine i DataverseNO, blir det lettare å oppfylla slike krav. Døme er policyar og retningsliner frå Forskingsrådet, The European Research Council og The Science journals.

  • Sitering: Datasett i DataverseNO får persistente identifikatorar (DOI-ar) som gjev stabile og unike referansar. DOI-ar gjer sitering meir påliteleg, aukar akademisk kreditering og gjer datasett lettare å finna og gjenbruka.

  • Indeksering i søketenester: Datasett i DataverseNO blir indekserte av og er gjenfinnbare i fleire søkjetenester, mellom anna B2FIND - EUDAT, Bielefeld Academic Search Engine (BASE), DataCite Commons, Google Dataset Search og Oria. Dette gjer datasetta synlege også utanfor DataverseNO og kan auka rekkevidda og gjennomslaget.

Den breie spreiinga skjer gjennom hausting av metadata. DataverseNO gjer alle metadata tilgjengelege under Creative Commons Public Domain Dedication (CC0), som gjer fri bruk og vidareformidling mogleg. Metadata kan haustast via Open Archives Initiative Protocol for Metadata Harvesting (OAI-PMH) med desse adressene:

Ta kontakt med DataverseNO-arkivforvaltninga dersom du ønskjer meir informasjon.

Vidare lesing

Artikkelen nedanfor beskriv organiseringa av DataverseNO og korleis arkivet stør opp om FAIR-prinsippa.

Conzett, Philipp. 2020. "DataverseNO: A National, Generic Repository and Its Contribution to the Increased FAIRness of Data from the Long Tail of Research". Ravnetrykk, no. 39: 74-113. https://doi.org/10.7557/15.5514

Kontakt DataverseNO-arkivforvaltninga dersom du ønskjer meir informasjon om arkivet.