Hurtigguide og sjekkliste¶
Denne sjekklista gjev ei kort oversikt over arkiveringsprosessen i DataverseNO. Detaljert rettleiing finn du i arkiveringsguiden.
Bruk sjekklista til å halda oversikt over hovudoppgåvene før, under og etter arkivering av eit datasett i DataverseNO.
Steg 1: Førebu dataa dine¶
Filnamn og organisering
Filformat
-
Vel eit tilrådd filformat som er eigna for langtidsbevaring der det er mogleg.
-
Dersom både opphavleg format og tilrådd format blir lasta opp, bruk identiske filnamn bortsett frå filendinga.
README-fil
-
Beskriv dataa dine i ei README-fil, og bruk malen vår.
-
Lagra README-fila i rein tekst, til dømes .txt eller .md.
Fil- og datasettstorleik
-
Ei enkeltfil bør helst ikkje vera større enn 100 GB.
-
Éi enkelt opplasting bør helst ikkje vera større enn 200 GB.
-
Eit datasett bør helst ikkje vera større enn 5 TB.
-
Eit datasett bør helst ikkje innehalda meir enn 300 filer.
-
For større filer eller datasett, kontakt lokal brukarstøtte.
Steg 2: Arkiver dataa dine¶
Opprett brukarkonto, dersom det trengst
-
Sjekk at du er i rett samling for datasettet ditt. Dersom ikkje, gå til rett samling før du held fram.
-
Klikk på Add Data og vel New Dataset.
-
Legg inn så mykje metadata som mogleg, og fyll i alle fall ut dei obligatoriske felta.
-
Hugs å klikka på Save Dataset nedst på sida.
Stadfest eller spesifiser lisens
- Den tilrådde standardlisensen er CC0. Opna fana Terms for å velje ein annan lisens. Dersom ingen eigna lisens er lista opp, kan du kontakta lokal brukarstøtte.
-
Opna fana Files og klikk på Upload Files.
-
For å lasta opp enkeltfiler, klikk på Select Files to Add.
-
For å ta vare på mappestrukturen, bruk Upload a Folder.
-
Klikk på Save når du er ferdig.
Del datasettet før publisering, dersom det trengst
- Treng du å dela eit datasett før publisering, til dømes med samarbeidspartnarar eller fagfellar? Kontakt lokal brukarstøtte.
Send datasettet til kuratering
-
Har du førebudd dataa i tråd med arkiveringsguiden? Klikk på Submit for Review.
-
Hugs at datasettet framleis er eit utkast. DOI-en til datasettet er ikkje aktiv enno.
Steg 3: Kuratering og publisering¶
-
Ein kurator frå institusjonen din gjennomgår datasettet og fortel deg, om nødvendig, kva som bør endrast før publisering.
-
Du får vanlegvis eit første svar frå ein kurator innan tre arbeidsdagar etter at du har sendt datasettet til kuratering.
-
Dersom det trengst, gjer dei tilrådde endringane. Alternativt kan du forklara kvifor du ikkje er samd i bestemde tilrådingar.
-
Når du er ferdig med endringane, klikk på Submit for Review på nytt.
-
Når kuratoren har godkjent datasettet og du har stadfesta at det er klart for publisering, publiserer kuratoren datasettet.
-
DOI-en til datasettet er då aktiv.
Steg 4: Referer til dataa dine¶
Referer til det publiserte datasettet ditt
-
Bruk den tilrådde referansen som arkivet viser øvst på datasettsida.
-
Siter datasettet i publikasjonar ved å føra det opp på referanselista og i datatilgjengelegheitserklæringa, og ved å sitera det i teksten der det er relevant.
Steg 5: Endra datasettet ditt¶
Endra det publiserte datasettet ditt, dersom det trengst
-
Det er mogleg å endra datasettet ditt etter publisering.
-
Oppdatering av eit publisert datasett opprettar ein ny versjon som må kuraterast før publisering.
-
Tidlegare versjonar er framleis tilgjengelege.
Meir informasjon¶
-
Fann du ikkje det du leitte etter? Sjå meir informasjon i arkiveringsguiden.
-
Treng du hjelp? Kontakt lokal brukarstøtte.