Steg 3: Kuratering og publisering¶
Dette steget forklarar korleis du får datasettet ditt publisert i DataverseNO. Når du har sendt inn datasettet til kuratering, blir det gjennomgått av kvalifisert støttepersonell innan forskingsdatahandtering (kuratorar) før publisering.
Kurateringsprosessen¶
Kuratorar vurderer ikkje den vitskaplege kvaliteten på sjølve forskinga. Kuratering er ein støtteprosess som skal hjelpa med å førebu data for publisering og gjenbruk.
Ein kurator kontaktar deg så snart som mogleg etter at datasettet er sendt inn til kuratering, vanlegvis innan tre arbeidsdagar.
Kuratoren sender som regel ein kurateringsrapport, som inneheld råd og forslag til forbetringar av:
-
Dokumentasjon: Metadata og README-fil(er).
-
Filorganisering.
-
Filformat.
-
Lisensinformasjon.
Dersom det trengst, gjer du dei tilrådde endringane. Alternativt kan du forklara kvifor du ikkje er samd i bestemte forslag. Når du er ferdig med endringane, må du senda datasettet til kuratering på nytt.
Tida det tek å fullføra gjennomgangen, kjem an på til dømes storleiken på datasettet, kor fullstendig dokumentasjonen er, og om det trengst endringar eller avklaringar før publisering. Nokre datasett kan gjennomgåast raskt, medan andre kan krevja meir dialog mellom deponent og kurator. Uansett vil deponenten normalt få eit første svar frå ein kurator innan tre arbeidsdagar etter at datasettet er sendt inn til kuratering.
Les meir om kurateringsprosessen på Om-sida.
Hastesaker
Dersom datasettet ditt er knytt til ein publiseringsfrist, søknadsfrist eller annan tidskritisk aktivitet, bør du kontakta lokal brukarstøtte direkte. Dei kan hjelpa med å vurdera situasjonen og, der det er mogleg, koordinera raskare kuratering.
Få datasettet publisert¶
Når følgjande to vilkår er oppfylte, publiserer kuratoren datasettet:
-
Kuratoren har stadfesta at datasettet er klart for publisering.
-
Deponenten har stadfesta at datasettet skal publiserast.
Når datasettet blir publisert skjer følgjande:
-
Datasettet blir offentleg tilgjengeleg.
-
DOI-en blir aktiv.
-
Datasettet blir søkbart i DataverseNO og eksterne søkjetenester.
-
Datasettet kan siterast og delast som forskingsresultat.
Treng du hjelp?¶
Dersom du er usikker på noko i kuraterings- eller publiseringsprosessen, kan du kontakta lokal brukarstøtte.
Klar for neste steg?¶
Når datasettet er publisert, kan det siterast i artiklar, rapportar, avhandlingar og andre forskingsresultat. Les meir om korleis du siterer datasett i det fjerde steget i arkiveringsguiden. Dersom du vil endra eit datasett som alt er publisert, kan du gå vidare til det siste steget i arkiveringsguiden.
Steg 4: Referer til dataa dine Steg 5: Endra datasettet ditt